søndag 22. august 2010

Velkommen til nettsida til Osterøy Pendlarlag

Kontaktinformasjon:
E-post: osteroy_pendlarlag@hotmail.no

_______________


Referat frå konstitusjonsmøte for Osterøy pendlarlag

Stad:        Hauge skule
Dato:        21.06.2010
Tilstades:     Vidar Pedersen, Geir Jakobsen, Ivar Sandgren, Åshild Rød

Sak 1)     Status for kollektivtilbodet på og frå Osterøy.
Vidar orienterte: Rutetilbod for Osterøy er i dag i anbodsområde saman  med Arna og  Bergen nord.
I det nye anbodet frå Tide er Osterøy eit eige anbodsområde, dette trer i kraft frå 01.03.11. Anbodperioden gjeld for 7 år. Osterøytrafikken skal då styrast frå kontor i Lonevåg. Når Osterøy blir eige anbodsområde bør/ skal det ikkje være naudsynt med mating av passasjerar i Åsaneområdet. Osterøy pendlarlag ynskjer  å ta dette opp og presse på for at dette faktisk vert gjennomført. Anbodsgrunnlaget nemner ikkje noko om mating av passasjerar i Åsane.
Osterøy pendlarlag har fått gjennomslag for at 19.45 direkte buss frå Bergen vert gjeninnført!
Ivar orienterte om rutetilbodet:  Laurdag og søndagsrutene er for dårlege, ingen gjennomgåande ruter om Valestrand, for dårleg korrespondanse på dei få rutene som er.
Nokon ruter ber preg av kreativt ruteoppsett men har eit ulogisk rutemønster eks. buss frå Lonevåg til Valestrand, bussen ventar 30. min for så å reise vidare til Haus –det er registret på uoffisiell teljing at det er få reisande på slik rute.
Bussar som korresponderer med tog på kveldstid er ”mjølkeruter” som går om Garnes, dette er ikkje tilfredstillande.
Breisteinbuss som korresponderer med ferja slepper folk av på Kaien for så å køyre inn til Breisteinsnuplass og så komme tilbake til Kaien for å plukke opp reisande som kjem med ferja. Eit betre alternativ må være at bussen venter på kaien til ferja er lagd til og kan då lesse og losse samtidig. Treng då ikkje to turar nedom kaien og reisa vert meir komfortabel . Dette og mykje meir er ting som pendlarlaget vil arbeide for framover.

Sak 2)     Presentasjon av vedtekter
Framlagde vedtekter vart gjennomgått og vedtatt.

Sak 3)     Val av interimstyre
Interimstyrets medlemmer er Vidar Pedersen, Geir Jakobsen, og Ivar Sandgren.
Årsmøtet  er sett til onsdag 8.september 2010, på Hauge skule kl 1900, dette må kunngjerast i Bn tysdag 24. august med annonse. Forslag til saker skal være laget i hende innan 18.august.

Sak 4)     Eventuelt
Styret / Geir oppretter eigen e-post adresse der folk kan melde seg inn i pendlarlaget. Informasjon ut vert formidla gjennom denne adressa. Det vert reportasje i Bygdanytt fyrstkommande fredag om stiftinga. Laget ynskjer å få fleire medlemmar, også frå Haus og Lonevågsområdet.

Vedlegg  1: Vedtekter for Osterøy pendlarlag
Vedlegg 2: Brev til Skyssv/driftssjef Bjarte Årvik, datert 10.07.09


Åshild Rød , 21.06.10


______________________


Konstitusjonsmøte i Osterøy Pendlarlag 21.06.2010.
Framlegg til vedtekter.

Vedtekter for Osterøy pendlarlag


I  FØREMÅL

§ 1.1 Osterøy pendlarlag er ein partipolitisk uavhengig organisasjon som skal arbeida for eit best mogeleg kollektivt rutetilbod for kollektivt reisande busette i Osterøy. Pendlarlaget skal vera pressgruppe og samtalepartnar overfor trafikkselskap og samferdslestyresmakter. Laget skal etablera kontakt med andre, tilsvarande lag og organisasjonar. Laget skal ivareta og utvikla det kollektive reisetilbodet over begge fastlandssambanda i Osterøy: bru og ferje.

II  MEDLEMSKAP

§ 2.1  Alle som er busette i Osterøy kommune kan vera medlemer av laget.

III  STYRET

§ 3.1  Styret skal ha 4 medlemer: leiar, nestleiar, skrivar, eit vanleg styremedlem, og tre varamedlemer. Leiaren skal veljast særskilt for eitt år, og dei andre styremedlemene for 2 år, men likevel slik at 2 styremedlemer står på val kvart år. Varamedlemene skal veljast for eitt år. Leiar har dobbeltstemme. Styret konstituerer seg sjølv.

§ 3.2  Styret kallar inn til medlemsmøte minst ein gong i året, eller når viktige saker krev innkalling.

IV  ÅRSMØTE

§ 4.1  Årsmøtet skal haldast mellom 25.8. og 15.9., og då startar arbeidsåret for laget.

§ 4.2  Årsmøtet skal kunngjerast seinast to veker før møtet. Framlegg til årsmøtet må vera hjå styret seinast tre veker før møtet.

§ 4.3  Røysterett har alle som har meldt seg inn i laget før årsmøtet tek til.

§ 4.4  Årsmøtet skal handsama årsmelding og val. Årsmøtet skal velja eit styre som skal ha leiar, 3 styremedlemer og 3 varamedlemer. Vidare skal det veljast 1 revisor og 1 valnemnd med 2 medlemer og 1 varamedlem.

V  VEDTEKTER

§ 5.1  Vedtektene kan endrast av årsmøtet med 3/4 røystefleirtal.

VI  OPPLØYSING AV LAGET

§ 6.1  Oppløysing av laget må gjerast på ordinært årsmøte med ¾ røystefleirtal.


______________